Opna hovudmenyen

Finn Gundersen

norsk fotballspelar

Finn Harry Gundersen (16. april 193330. juli 2014) var ein norsk fotball- og ishockeyspelar frå Oslo. Han spelte 10 landskampar i fotball og 17 i ishockey.

Finn Gundersen
Fødd 16. april 1933
Oslo
Død

30. juli 2014
Oslo

Yrke fotballspelar, ishockeyspelar

FotballEndra

Gundersen spelte for IK Skeid frå 1952 til 1957, då han vart profesjonell i den italienske klubben Verona FC. Etter to sesongar i Verona gjekk han tilbake til Skeid og var aktiv til og med 1962. Han var med på å vinne tre strake cupfinalar med Skeid i 1954, 1955 og 1956. Frå 1963 spelte han fem sesongar i 4. divisjon med Slemmestad IF.

Gundersen debuterte på fotball-landslaget i 1955. I landskampen mot SverigeUllevaal stadion 16. september 1956 kom han inn som innbyttar og skåra to mål i ein kamp som enda 3-1. Han spelte sin tiande og siste landskamp då han kom heim frå Italia i 1959, utan å ha skåra fleire landslagsmål. Gundersen «kunne forene eleganse med raffinert posisjonsspill når han fikk utfolde seg som indreløper eller aller helst winghalf».[1]

IshockeyEndra

I ishockey spelte Gundersen på osloklubben Tigrene. Han deltok for Noreg under Vinter-OL 1952 i Oslo, der Noreg enda på niendeplass. Til saman spelte han 17 landskampar.

MerittarEndra

Notar og kjelderEndra

  1. Magnus Breili:Fotballboken.1967