Finn Westbye

Finn Andreas «Mustangen» Westbye (fødd 10. februar 1910 i Kristiania, død 12. juli 1994) var ein norsk jazzmusikar, son av musikar Sigurd O. Westbye og kjent frå ei rekkje innspelingar og skandinaviske samarbeid.

Finn Westbye
Svein Øvergaards Orchestra, Oslo, 1939 (Fred Westbye).jpg
Fødd10. februar 1914
Død12. juli 1994 (80 år)
FødenamnFinn Andreas Westbye
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar, saksofonist, jazzgitarist

Den initielt banjo-spelande Westby spelte tidleg med Cirkus Verdensteater, før han vart med som fiolinist i eit tidleg jazzband (1924). Seinare spelte han gitar i Kabaorkesteret leia av Willie Vieth, i Funny Boys (1933-39), Freddy Valier og Robert Normann's eigen kvartett String Swing (1938-39). Westbye trakterte tidvis òg saksofon i orkester leia av Øyvind Bergh (Bristol-orkestret 1939-43), Cecil Aagaard og Gunnar Sønstevold, i sitt eige orkester, og dessutan i Sy-We-La. I den seinare tida spelte han òg i Oddvar Nygaards kvartett og Per Borthen og Per Nyhaug's orkester, gjorde innspelingar med Karin Krog, og figurerte på fjernsyn utover 1980-talet.

Han var tilsett i Schlagerforlaget.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra