Finsk lydhistorie

Finsk lydhistorie er framstillinga av lydendringane frå uraustersjøfinsk fram til dei moderne finske dialektane. Ei framstilling av utviklinga frå uraustersjøfinsk til dei ulike moderne språka er austersjøfinsk lydhistorie, denne artikkelen konsentrerer seg om utviklinga fram til moderne finsk.


Vokalane endre

Finsk har ulike vokalsystem itrykksterk (første) og trykklett staving, så vi ser på dei kvar for seg.

Vokalane i første staving endre

Det er mogleg å rekonstruere dette vokalsystemet for ur-finsk-samisk (her og i resten av framstillinga av perioden før skriftfinsk blir dei rekonstruerte formene presentert med symbola frå finsk rettskriving):

Korte vokalar Lange vokalar
Høg i y u i: u:
Mid e o e: o:
Låg ä a

Grunnlaget for rekonstrueringa er at det er mogleg å rekonstruere ordformer med desse vokalane attende til ur-finsk-samisk. Ei drøfting av dette vokalsystemet er vist i austersjøfinsk lydhistorie.

Moderne finsk har også andre vokalsekvensar (jf. nedanfor, sjå også finsk fonologi, dei nye lydsekvensane har yngre opphav.

Vokalsystemet i finsk har endra seg relativt lite, samanlikna med utgangspunktet i uraustersjøfinsk. Den viktigaste skilnaden er at alle vokalar kan vere korte eller lange. Den andre er at finsk har ein ny vokal, kort og lang ö. Deretter har midtre lange vokalar vorte diftongert, altså ee, öö, oo til ie, yö, uo.

Korte vokalar Lange vokalar Diftongerte lange vok.
Høg i y u i: y: u: ie uo
Mid e ö o e: ö: o:
Låg ä a ä: a:

Vokalane i andre staving endre

For ur-finsk-samisk kan vi rekonstruere vokalsystemet for andre stavinga i ordet:[1]

Vokalar
Mid e o
Låg ä a

Konsonantane endre

Konsonantane i det finsk-samiske urspråket endre

For det finsk-samiske urspråket kan vi rekonstruere dette konsonantsystemet, notert med det finskugriske fonetiske alfabetet.

Lab Alv Pal Retr Vel
p t k
ć č
s ś š
δ δ´
v j
m n ń ŋ
l
r

I finsk har s og ś vorte s, men č og š har vorte til h. Her er slektspråka meir konservativ: s, ś, š er bevart i både dei mordvinske og permiske språka.

Av dei fire nasalane *m, *n, *ń, *ŋ er dei to første bevart. Palatal *ń har falle saman med *n, mens *ŋ har falle bort i alle andre posisjonar enn foran k, slik at lyden [ŋ] i dag må tolkast som ein allofon av /n/.

Moderne finsk endre

Som eit resultat av desse endringane har moderne finsk følgjande konsonantsystem.

Lab Alv Pal Retr Vel Far
p t/d k
s h
v j
m n ŋ
l
r

Fotnotar endre

  1. Korhonen 1988:271

Litteratur endre