Finsk fonologi

Finsk fonologi er karakterisert av eit rikt vokalsystem (8 vokalar), og eit relativt lite konsonantsystem (14 konsonantar). Eit sentralt suprasegmentalt trekk er kvantitet, alle vokalfonem og nesten alle konsonantfonem kan vere både lange og korte.

Segmental fonologiEndra

VokalarEndra

Finsk har åtte vokalfonem, her attgjevne med IPA-symbol:

  fremre midtre bakre  
urunda runda
lukka i y   u
halvopen ɛ œ   ɔ
open æ   ɑ  

I tillegg finst det i finsk til saman 18 ulike diftongar: ai [ɑi̯], au [ɑu̯], ei [ɛi̯], eu [ɛu̯], ey [ɛy], ie [], iu [iu], iy [iy], oi [ɔi̯], ou [ɔu̯], ui [ui̯], uo [], yi [yi̯], yö [], äi [æi̯], äy [æy], öi [œi̯] og öy [œy].

 
Fallande diftongar yö, ie, uo

Diftongane kan delast inn i to grupper, stigande og fallande diftongar. I tillegg er det tre diftongar som verken er stigande eller fallande, iu, ui, yi, den siste (yi) er marginal i språket. Stigande diftongar (som t.d. ei) har open, eller låg, førstevokal og meir lukka, eller høg, andrevokal, og dermed ein stigande lyd, mens for fallande diftongar (som t.d. ie) er den andre vokalen i diftongen lågare enn den første.

Dei fallande diftongane er språkhistorisk sett relativt unge, dei finst t.d. ikkje i estisk. På eit tidlegare språksteg var dei långe midtre vokalar /öö, ee, oo/, lange midtre vokalar finst i dag berre i nye lånord i finsk (t.d. miljöö, filee, trikoo). Der lange vokalar blir forkorta (t.d. maa «land», partitiv fleirtal maita) mistar dei fallande diftongande den første vokalen sin: (y i työ:töitä, i i tie:teitä, u i suo:soita «arbeid, veg, jord»), der finsk tidlegare hadde (og moderne estisk framleis har) formene töö, tee, soo.

 
Stigande diftongar äy, äi, öy, ey, ei, eu, ai, au, ou. I tillegg har finsk også dei stigande diftongane öi, oi

Den vanlegaste gruppa diftongar er stigande, frå opne eller halvopne til tronge vokalar. Alle desse diftongane er svärt vanlege, med unntak av /ey, eu/, som berre finst marginalt i det finske ordforrådet.

Diftongiske vokalkombinasjonar er alltid diftongar (dvs. dei utgjer kjernen i ei staving, og ikkje i to. Alle andre vokalkombinasjonar i finsk utgjer to separate stavingar, jf. oa og i orda sa.no.a «seie», hyp.pi.ä «hoppe» (med punktum som stavingsgrense).

Vokalane /i, e/ kan danne diftongar med fremre og bakre vokalar, men bakre vokalar og fremre vokalar utom dei nøytrale /i, e/ kan ikkje danne diftong saman.

KonsonantarEndra

Finsk har 14 eigne konsonantfonem. I tillegg er det fire konsonantar (i tabellen vist med parentes) som berre førekjem i lånord.

  Bilabial Labiodental Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p, (b)   t, d       k, (g) ʔ
Nasal m   n       ŋ  
Vibrant       r        
Frikativ   (f), v   s (ʃ)     h
Approksimant           j    
Lateral       l        

Med berre 14 konsonantfonem er finsk eit konsonantfattig språk. I ein finsk tekst er det i gjennomsnitt 96 konsonantar per 100 vokalar, der det t.d. i tysk i gjennomsnitt er 177.[1]

Det er ikkje nokon kontrast mellom stemte og ustemte konsonantar. Lyden [d] har ei spesiell rolle i finsk fonologi. I finske ord opptrer /d/ berre i innlyd som svakt stadium av [t]. Historisk går det attende til frikativen [ð] som på 1500-talet vart skrive som dh i både finsk og svensk. Seinare vart dh bytta ut med d, både i svensk og finsk. Dermed vart lyden i desse orda også uttalt d. Lyden [d] finst ikkje i nokon finsk dialekt, der finn vi i denne posisjonen r, l, ð, j eller ingenting (bortfall). Status til denne d-en var eit sentralt stridsspørsmål i den finske dialektkrigen 1820-1840.

I tradisjonelle finske ord kan det ikkje vere konsonantsamband. Eldre lånord vart tilpassa til dette kravet, alle andre enn siste konsonant vart fjerna:

  • koulu frå svensk skola
  • ranta frå urnordisk stranda

I nye lånord blir konsonantsambanda halde på.

  • stressi (Stress)
  • professori (Professor)

I slutten av finske ord kan det vere både vokalar eller konsonantane -n, -t, -l, -r und -s. Nye ord som sluttar på konsonantgrupper eller på andre konsonantar får lagt til ein -i (t. d. presidentti, «president»).

Suprasegmental fonologiEndra

FonotaksEndra

Den finske stavingsstrukturen er (K) V (V|K) (K). Tabellen gjev døme på dei ulike typane:


Stavingstypar (utan og med initial konsonant)
V o.sa del KV ta.lo hus
VK es.te hinder KVK tas.ku lomme
VV au.to bil KVV saa.ri øy
VVK aal.to bølgje KVVK viet.to tidsfordriv
VKK ark.ku kiste KVKK kilt.ti snill

Vilkåret om berre ein konsonant initialt ser vi i lånord som ranta (strand), koulu (skole), tuoli (stol). Nyare lånord kan ha ein ekstra konsonant ordinitialt: presidentti, klubi, stressi, og i eitt tilfelle tre: strategia.

VokalharmoniEndra

 
Mengdediagram for å vise finsk suffiksal vokalharmoni

Ein av dei sentrale fonologiske fenomena i finsk er vokalharmonien. Finsk har såkalla palatal vokalharmoni, eller fremre-bakre-homonymi. I finske ordstammar kan vokalane a, o og u ikkje opptre i lag med dei fremre vokalane ä, ö und y. I suffiks er vilkåra litt annleis: Her kan a, o, u berre opptre viss det i ordstammen opptrer a, o, u. Skilnaden mellom dei to systema er tilhøvet til dei to nøytrale vokalane i, e. Inni ordstammen kan i, e og a, o, u opptre i lag (jf. himo «begjær», leka «sleggje» ), men som suffiks etter nøytrale vokalar må vi ha ä, ö, y, jf. kielessä «i språket», bøyingsform av kieli «språk» + suffikset ssa/ssä, forma *kielessa er ugrammatisk, i og med at stammen ikkje har a, o, u. Andre døme:

  • talo (hus) – talossa (i huset)
  • metsä (skog) – metsässä (i skogen)
  • meri (havet) – meressä (i havet)

I samansette ord virkar vokalharmonien separat innanfor kvar del, og endingsvokalane rettar seg etter den siste delen.

  • Pohjanmeri (Nordsjøen) – Pohjanmeressä (i Nordsjøen)

Suffiks som ikkje har nøytrale vokalar har dermed alltid to utgåver: inessiv kan blir representert av både -ssa og -ssä, mens allativ er eit nøytralt suffiks, -lle. Framandord har ofte både fremre og bakre vokalar, og dei blir ofte justert slik at fremre vokalar blir bakre, helst når dei fremre vokalane ikkje kjem i trykksterk stilling. Eit velkjent døme er ordet for olympiade, olympialaiset, som ofte blir uttalt olumpialaiset.

StadievekslingEndra

Konsonantane k, p og t er i finsk involvert i bøyinga av finske ord. Dei opptrer i to ulike rekkjer, ei sterk rekkje og ei svak rekkje. I visse bøyingsformer opptrer den sterke rekka, og i andre den svake.

Historisk bakgrunnEndra

Opphavleg var regelen at sterkt stadium vart brukt når neste staving var open (dvs. slutta på vokal, t.d. (stavingsgrense markert med punktum) ka.tu «gate», ka.tu.na «som ei gate»), og svakt stadium vart brukt når stavinga var lukka, (t.d. ka.dun «gatas», ka.dul.la «på gata»). All stadieveksling kan historisk rekonstruerast til å følgje denne regelen. Sjølv om fordelinga av sterkt og svakt stadium som regel framleis følgjer denne regelen, er det på grunn av språkhistoriske endringar ofte unntak til denne regelen.

Substantiv på -e har svakt stadium i grunnforma og i partitiv men sterkt stadium i andre former (liike, liikettä, liikkeen, liikkeessä, «forretning» i nominativ, partitiv, genitiv og inessiv). Opprinneleg var det her ein konsonant etter den første e-en (liikek, liikkeken), i denne fasen av språkutviklinga følgjer formene hovudregelen. Infinitivsendinga -tA gjev også svakt stadium, denne endinga har tidlegare lukka stavinga.

OversynEndra

Desse tabellane gjev eit oversyn over stadievekslinga i finsk[2]

Kvantitativ stadieveksling
1 pp : p tt : t kk : k
2 mpp : mp ntt : nt ŋkk : ŋk
3 lpp : lp ltt : lt lkk : lk
4 rpp : rp rtt : rt rkk : rk
5 bb : b gg : g

Oversynet her er kvantitativ stadieveksling, dvs. at lange lukkelydar blir korte i svakt stadium. Vekslingane i rekkene 1-4 er fullstendig produktive. Vekslingane i 5 er på kanten av normert språk, og opptrer berre i nokre lånord: dig(g)ata - diggaan; lob(b)ata - lobbaan "å digge - eg diggar, å lobbe - eg lobbar".

Kvalitativ stadieveksling
6 mp : mm nt : nn ŋk : ŋŋ
7 lp : lv lt : ll lk : l ~ lj
8 rp : rv rt : rr rk : r ~ rj
9 ht : hd hk : h ~ hj
10 p : v t : d k : – (~ v)

TrykkEndra

Hovudtrykket i finsk fell alltid på den første stavinga i ordet, uavhengig av lengde. Sjølv ord med kort førstestaving og lang andrestaving har tryket på første staving, som t.d. eloon «i live». Bitrykk fell i normale tilfelle på odde stavingar, dvs. på tredje, femte osb. staving i ordet, men likevel slik at det ikkje fell på den siste stavinga i ordet, jf. t.d. kalamaksaöljyä «tran» (med trykklett ä). I samansette ord fell bitrykket på første stavinga av kvar samansetjingsdel, t.d. i lånordet rucolasalaattia. Viss bitrykket fell på ei lett staving (med kort vokal og utan konsonant etterpå) blir trykket flytta til neste staving, jf. puhusimmeko («snakka vi?») vs. puhusivatko («snakka dei?»), der det første dømet har bitrykket på tredje stavinga, etter hovudregelen, mens det andre har flytta bitrykket til fjerde staving, for å unngå ein situasjon der tredje staving er lett og fjerde staving er tung. Finsk har med andre ord kvantitetssensitivt bitrykk, bitrŧkket er avhengig av kvantiteten (lengda) på stavinga.

FotnotarEndra

  1. Lauri Hakulinen: Suomen kielen rakenne ja kehitys. Helsinki 1941.
  2. Kjelde: Iso suomen kielioppi § 41, [1]

LitteraturEndra

  • Karlsson, Fred 1983: Suomen kielen äänne- ja muotorakenne. Helsinki: Werner Söderström.