Effoa
Finska Ångfartygs Aktiebolag (forkorta FÅA, finsk Suomen Höyrylaiva Osakeyhtiö, forkorta SHO) var eit finsk reiarlag skipa i 1883 av kaptein Lars Krogius.[2] På både finsk og svensk vert selskapet vanlegvis berre kalla FÅA. I 1976 endra føretaket namn til Effoa, ei fonetisk staving av forkortinga FÅA.
Effoa | |||
| |||
Skipa | 1883 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Helsingfors | ||
Land | Finland |
Reiarlaget var med å skipe konsortiet Silja Line.[3] I 1975 skipa FÅA Finncarriers i lag med Finnlines som eit felles frakteselskap. Samstundes gav FÅA opp passasjertrafikken mellom Finland og Tyskland, og skipa som vart brukte i ruta vart selde til Finnlines. I 1980-åra vart både Finncarriers og Finnlines dotterselskap av Effoa. I 1989 valde Effoa å gje opp frakterutene sine og partane av Finnlines vart overførte til eigarane av Effoa.[4] Effoa stoppa verksemda som eit sjølvstendig føretak i 1990 då frakteoperasjoane vart spalta ut til å skipe eit sjølvstendig Finnlines, medan passasjerdrifta vart slått saman med Johnson Line (den andre partnaren i Silja Line på den tida) for å skipe EffJohn.
I 1945 var FÅA det første reiarlaget etter andre verdskrigen som starta opp att passasjertrafikk mellom Helsinki og Stockholm, med hjelp av DS «Wellamo». Same skipet var òg det første som byrja passasjertrafikk mellom Helsinki og Tallinn etter andre verdskrigen i 1965.[5]
Skip
endre- DS «Arcturus» (1899–57) — Passasjerskip som hovudsakleg gjekk ruta Hanko – København – Hull.
- DS «Oberon» (1925–30) — Søkkt då «Arcturus» kolliderte med det i tåke.[6]
- DS «Wellamo» (1927–67) — Starta opp att Helsinki – Stockholm og Helsinki – Tallinn etter andre verdskrigen. Opphogd 1969.
- MS «Ilmatar» (1964–80) — Seinare casinocruiseskipet «Palm Beach Princess». Opphogd 2011.
- MS «Finlandia» (1967–76) — Det første moderne bil- og passasjerferja til Effoa. Opphogd 2009.
- MS «Aallotar» (1972–78) — Første skipet som starta trafikk mellom Helsinki og Stockholm året rundt. Opphogd i 2004.
- MS «Finlandia» (1981–90) — Største cruiseferje på den tida. Seinare «Queen of Scandinavia» av DFDS Seaways.
- Mal:GTS (1986–90) — Kjøpt av Enso-Gutzeit. Den lengste og raskaste cruiseferja i si tid, og framleis den raskaste i 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Effoa» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Finland Steamship Company's Emigrant Ships at genealogia.fi, henta 27. desember 2020
- ↑ Finland Steamship Company Ltd. at TheShipsList Arkivert 2006-11-27 ved Wayback Machine., henta 27. desember 2020
- ↑ Silja Line official website "History" saved at archive.org Feb 07, 2007, henta 27. desember 2020
- ↑ Finnlines' 55 Years Arkivert 2007-07-10 ved Wayback Machine., henta 27. desember 2020
- ↑ «Fakta om Fartyg, S/S Wellamo (1927)». Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 27. desember 2020., henta 27. desember 2020
- ↑ Wilson, RM (1956). The Big Ships. London: Cassell & Co. s. 220, 221.