Fiskefjorden i Tjeldsund

Koordinatar: 68°32′54″N 16°06′48″E

Fiskefjorden er ein fjordarm på vestsida av Tjeldsundet i Tjeldsund kommune i Troms og Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 3,5 km nordvestover til grenda med same namn.

Fiskefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms, Nordland
Kommunar Tjeldsund, Lødingen
Kart
Fiskefjorden i Tjeldsund
68°32′32″ N 16°7′23″ E
Wikimedia Commons: Fiskefjorden

Fjorden har innløp mellom Vorran i vest og Lineset i aust. Austsida av fjorden er bratt og stig opp til 777 meter over havet på Taraldsviktinden. E10 går langs heile fjordsida.