Tjeldsund kommune
- For sundet kommunen har fått namn etter, sjå Tjeldsundet.
Tjeldsund (nordsamisk Dielddanuorri) er ein kommune i Troms og Finnmark fylke. Evenskjer er administrasjonsstad. Frå 1909 til 2019 var Tjeldsund ein kommune i Ofoten i Nordland med Hol som administrasjonsstad.
Tjeldsund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Evenskjer | ||
Areal | 814,33 km² | ||
- land | 775,98 km² | ||
- vatn | 38,35 km² | ||
Folketal | 4 206 (1. januar 2023) | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Helene Berg Nilsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 5412 | ||
![]() Tjeldsund | |||
Wikimedia Commons: Tjeldsund | |||
Nettstad: www.tjeldsund.kommune.no | |||
HistorieEndra
Tjeldsund kommune blei oppretta 1. januar 1909 ved at Lødingen kommune blei delt inn i dei to kommunane Lødingen og Tjeldsund. 1. januar 2020 ble Tjeldsund slått saman med Skånland kommune i Troms. Den nye kommunen fekk namnet Tjeldsund og blei del av det nye fylket Troms og Finnmark.
Frå 1. juli 2020 er nye Tjeldsund kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområde, som den åttande frå nordsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.[1]
GeografiEndra
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Kommunen ligg ved Tjeldsundet og omfattar:
- Den søraustre delen av Hinnøya, der han i nord grensar mot Harstad kommune i Troms og i sør mot Lødingen kommune.
- Heile Tjeldøya.
- Ein fastlandsdel som grensar til Skånland kommune i Troms og Evenes kommune.
Tjeldsundbrua som ligg i Harstad og Skånland bidrar til å binde saman dei delene av Tjeldsund kommune som ligg på fastlandet og på Hinnøya. Det er også båtsamband mellom Hov ved Hol på Tjeldøya og Smiberget ved Sæter på Hinnøysida.
NæringslivEndra
Tjeldsund har tre store offentlege arbeidsplassar: Ramsund orlogsstasjon, Tjeldsund kommune og Norges brannskole. Det finst også ein del småindustri, gardsbruk, fiske, bank, transport og servering.
Tettstader i kommunenEndra
Folk frå TjeldsundEndra
- Asbjørg Skåden, sametingspolitikar. Ho voks opp i Planterhaugen i Skånland[treng kjelde]