Fiskemjøl er mjøl produsert av inntørka fiskeavfall, overskotsfisk og av slik fisk som ikkje vert rekna som mat for menneske. Tidlegare vart fiskemjøl laga av fisk eller fiskeavfall som vart tørka naturleg i lufta, men no vert mjølet laga av kunstig tørka råstoff.[1] Fiskemjøl vert for det meste nytta til dyrefôr, mellom anna for gris, fjørfe, pelsdyr og oppdrettsfisk.

Fiskemjøl

Fiskemjøl er særs verdfullt som dyrefôr på grunn av høgt innhald av protein, om lag seksti til sytti prosent, kalsiumfosfat og anna mineralstoff. Under den andre verdskrigen vart det òg laga fiskemjøl til menneskeføde, men i normale tider har ikkje slik produksjon vorte nokon suksess. Det har til tider likevel vore ein mindre produksjon av fiskemjøl til menneskeføde som matvarehjelp til folk i katastrofeområde, og dette går då føre seg etter dei særleg strenge krava til råstoffet og produksjonsutstyr som gjeld for matvarer.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «fiskemel». Store norske leksikon (på norsk). 25. april 2018.