Fiskevollbukta
Fiskevollbukta er ei lita bukt ved utløpet av Ljanselva i Bunnefjorden sør i Oslo.[1] Området langs sjøen vart kjøpt saman med Ljanskollen og Hvervenbukta i 1937 av Oslo kommune frå garden Stubljan og lagt ut som friluftsområde. I bukta er det ei lita sandstrand og svaberg.[2]
Midt i bukta og langs elveløpet går grensa mellom Bydel Nordstrand og Bydel Søndre Nordstrand. På nordsida ovanføre Mosseveien ligg Fiskevollen borettslag med 77 leilegheiter. På sørsida litt innanføre bukta låg Fangeleir Fiskevollen under den andre verdskrigen.
Referansar
endre- ↑ «Norgeskart». Kartverket. Henta 15. juli 2015.
- ↑ «Fiskevollbukta». Henta 15. juli 2015.
- Denne artikkelen byggjer på «Fiskevollbukta» frå Wikipedia på bokmål, den 13. jan 2020.