Mosseveien i Oslo

Mosseveien i Oslo, som er ein strekning av Europaveg 18, er den eine av hovudinnfartsvegane til Oslo frå sør, og i si tid den einaste hovudinnfartsvegen. Namnet har sin bakgrunn i at vegen gjekk frå Oslo i retning av Moss og Østfold.

Bekkelaget med Ljabrochausseen, som seinare vart til Mosseveien, og jarnbanen som seinare vart Østfoldbanen, fotografert i 1880. Jarnbanestasjonen i bakgrunnen er Bekkelaget stasjon.

Mosseveien går frå Oslogate i bydel Gamle Oslo, og vert ein strekning av Europaveg 18 frå krysset der Europaveg 6 er kopla til Europaveg 18 i samband med overgangen mellom Bjørvikatunnelen og Ekebergtunnelen i vegtunnelen som i si heile lengd heiter Operatunnelen. Herfrå går Mosseveien som Europaveg 18 langsetter austsida av Bunnefjorden, gjennom bydelane Nordstrand og Søndre Nordstrand, over kommunegrensa/fylkesgrensa mot Oppegård kommune i Akershus og via Mastemyrkrysset fram til det store krysset mellom Europavegane 6 og 18 på Vinterbro i Ås kommune. Mosseveien går vidare i Ås kommune som ein kommunal veg langs vestsida av innsjøen Årungen. Denne strekninga var opphavleg òg hovudvegen sørover frå Oslo før motorvegstrekninga av Europaveg 6 langsetter Årungen vart bygd.

Opphavleg var det ulike namn på ulike strekningar av vegen, og namnet Mosseveien var ikkje teke i bruk. Frå 1860 var Ljabrochausseen namnet på strekninga frå Gamlebyen til Ljan i Oslo og vidare over Ljabru og Klemetsrud til Sværsvann (chaussée er ei nemning av fransk opphav som tydar mellom anna oppbygd veg). På strekninga frå det noverande krysset med Ljabruveien og fram til Gjersjøelva var namnet Ljanchausseen; Mossevegen gjekk då langsetter Hvervenbukta i Bunnefjorden og kryssa kommunegrensa/fylkesgrensa ved Gjersjøelva. I 1929 fekk Ljanchausseen namnet Mosseveien, og Ljabrochausseen fekk i staden namnet Ljabroveien. Men i 1941 fekk heile vegstrekninga namnet Mosseveien. I 1971 vart det bygd ny firefelts veg frå det såkalla Herregårdskrysset på Mosseveien og fram til Mastemyr, og vegstrekninga langs Hvervenbukta til Gjersjøelva fekk namnet Gamle Mossevei, som i 1989 vart endra til Ljansbrukveien.

Eit leirras ved Bekkelaget i Oslo 7. oktober 1953, Bekkelagsraset, gjorde at om lag hundre meter av Mosseveien og grunnen under Østfoldbanen forsvann, og fem menneske missa livet. Fire av dei var passasjerar i ein rutebuss på veg frå Oslo til Drøbak, som vart teke av raset. Lokaltoget frå Kolbotn mot Oslo stansa i tide.

Kjelder endre