Fixin' to Die Blues

Fixin' to Die Blues
Song av Bukka White
Utgjeve 1940
Innspelt Chicago, 8. mars 1940
Sjanger Blues
Lengd 2:47
Selskap Okeh (no. 05588)
Komponist Bukka White
Tekstforfattar Bukka White
Låtskrivar(ar) Bukka White
Produsent Lester Melrose

«Fixin’ to Die Blues» er ein bluessong skriven av Booker T. Washington White frå Mississippi. Han er meir kjend som Bukka White. Det er uklårt om han faktisk skreiv songen. Songen er unik blant bluessongane som handlar om å døy på den måten at han fokuserer på korleis døden påverkar den etterlatne familien og ikkje den meir typiske bluessongen der døden er den naturlege konsekvensen av eit hardt liv.

Den mest kjende utgåva av songen vart spelt inn av Bob Dylandebutalbumet i 1962. Melodilinja er ganske så forskjellig frå utgåva til White og teksten er òg endra. Det har vorte sagt at Dylan var inspirert av Dave Van Ronk si utgåve av songen, noko som vart nemnt av Van Ronk i Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home.

I 2002 spelte Robert Plant, tidlegare i Led Zeppelin, ei utgåve kalla «Funny In My Mind (I believe I’m Fixin’ To Die)», der han la til eit slags refreng. Led Zeppelin spelte stundom songen på konsertar som ein del av «Whole Lotta Love».

Kjelder endre