Whole Lotta Love
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
B-side

«Living Loving Maid (She's Just a Woman)»

Språk engelsk
Utgjeve 7. november 1969
Innspelt Mai 1969
Sjanger Heavy metal, hardrock
Lengd Album: 5:33
Singel: 5:33 (1. trykk),
3:10 (2. trykk)
Selskap Atlantic
Komponist John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant
Tekstforfattar Robert Plant, John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page
Låtskrivar(ar) John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant, Willie Dixon
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Good Times Bad Times» / «Communication Breakdown»
(1969)
Whole Lotta Love «Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do»
(1970)


«Whole Lotta Love» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han er opningssporet på det andre albumet, Led Zeppelin II, og vart i USA og Japan gjeven ut som singel. Det vart den første hitsingelen deira i USA og selde til gullplate den 13. april 1970, etter ein million selde eksemplar.[1] Som med andre Led Zeppelin-songar, vart ikkje singelen gjeven ut i Storbritannia, men han vart gjeven ut i Tyskland (der han gjekk til topps), Nederland (4. plass), Belgia og Frankrike.

I 2004 vart songen rangert på 75. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene., og i mars 2005 plasserte Q «Whole Lotta Love» på 3. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. Han vart plasser på 11. plass på ei liknande liste hos Rolling Stone. I 2009 vart han kåra til den tredje beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2]

«Whole Lotta Love» vart spelt inn i Olympic Studios i London og miksa i A&R Studios i New York. Han vart alt spelt på konsertane deira då han vart gjeven ut på albumet Led Zeppelin II den 22. oktober 1969 (Atlantic LP #8236).

Påverknad endre

I 1962 spelte Muddy Waters inn «You Need Love», skriven av Willie Dixon. I 1966 spelte der britiske modbandet Small Faces inn songen som «You Need Loving» på debutalbumet. Noko av teksten på Led Zeppelin-versjonen vart henta frå Willie Dixon-songen, som var ein av Plant sine favorittar. Fraseringa til Plant er særleg lik fraseringa til Steve Marriott på Small Faces-utgåva. Likskapar mellom «You Need Love» førte til eit søksmål mot Led Zeppelin, som Dixon vann i 1985.[3] Small Faces vart aldri saksøkt av Dixon, sjølv om «You Need Loving» berre er tilskriven Ronnie Lane og Steve Marriott.

Robert Plant, som var ein stor tilhengjar av blues og soul, siterte ofte andre songar, særleg på konsertane.

« Riffet til Page var riffet til Page. Det var der før noko anna. Eg berre tenkte, 'vel, kva skal eg synge?' Det var det, eit ran. No betalt for med glede. På den tida var det mykje snakk om kva me skulle gjere. Me kom fram til at det var lenge sidan (det var i røynda 7 år) at...vel, du vert berre tatt når du har suksess. Slik er spelet.[4] »

- Robert Plant

Oppbygging endre

Page spelar eit laust bluesriff i introen, på ein Sunburst 1959 Les Paul Standard gjennom ein 100W Marshall «Plexi»-forsterkar med forvrenging frå EL34-ventilane, som så går inn i det første refrenget. Frå 1:24 (til 3:02) glir songen over i eit frijazz-liknande parti med ein theremin-solo og ein trommesolo og stønn frå Robert Plant. Plant gjorde vokalen på eitt forsøk. Lydteknikar Eddie Kramer forklarte: «Den kjende Whole Lotta Love-miksen, der alt går bananas, er meg og Jimmy som driv og skrur på alle knappane på miksebordet.» Kramer sa òg:

« På eit tidspunkt er det ein lekkasje frå tidlegare innspelt vokal på innspelinga av «Whole Lotta Love». Det var i den midtre delen der Robert [Plant] skrik «Wo-man. You need it». Sidan me ikkje kunne spele det inn på nytt då, så la eg på noko ekko for å sjå korleis det kom til å høyrast ut og Jimmy [Page] sa «Flott! La det vere».[5] »

Led Zeppelin-bassisten John Paul Jones har sagt at det kjende riffet til Page truleg oppstod under improvisasjonar på konsertar då dei spelte «Dazed and Confused».[6]

Jimmy Page har derimot sagt at songen ikkje utvikla seg på scenen:

« Nei, det er heilt feil. Nei, han vart sett saman då me øvde inn noko musikk for det andre albumet. Eg hadde eit riff, alle var heime hos meg, og me starta frå der. han var aldri skriven under ein konsert.[7] »

Utgjeving endre

Då albumet kom ut leitte radiostasjonar etter eit spor som kunne passe radioformatet og «Whole Lotta Love» vart raskt ein favoritt, om ein såg bort i frå det midtre partiet. Dei lagde derfor ofte sine eigne redigerte versjonar, der denne delen var fjerna. Atlantic Records svarte raskt og av ut ein singel i USA, kutta ned til 3:10, der friform-delen var fjerna.

I 1997 gav Atlantic Records ut ein CD-singel med songen. Denne versjonen gjekk inn på lista i Storbritannia, der bandet til då aldri hadde gjeve ut singlar før.

Singelen gjekk inn på Billboard Hot 100 den 22. november 1969, og låg på lista i 15 veker med ein 4. plass som høgaste plassering. Den einaste Topp 10-singelen til bandet i USA. Songen vart første gong spelt på konsert den 26. april 1969. Konsertversjonane av songen inneheldt ofte delar av andre Led Zeppelin-songar som «I Can't Quit You Baby», «You Shook Me», «How Many More Times», «Your Time Is Gonna Come», «Good Times Bad Times», «The Lemon Song», «The Crunge», «D'yer Mak'er», «Black Dog», «Out on the Tiles» og –Ramble On. Sidan midten av 1970 inneheldt han òg fote ein medley av blues- og R&B-songar, som songar av Eddie Cochran, Elvis Presley og John Lee Hooker

Det finst konsertversjonar av «Whole Lotta Love» på utgjevingane:

«Whole Lotta Love» var den siste songen Led Zeppelin spelte live med den originale besetninga. Han vart framført på ny under Live Aid i 1985 og på Atlantic Records 40th Anniversary i 1988, samt på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007, med Jason Bonham på trommer for faren.

Lovord endre

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Spin USA 100 Greatest Singles of All Time[8] 1989 39
Rock and Roll Hall of Fame USA The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll 1994 *
Classic Rock Storbritannia Ten of the Best Songs Ever!.. (Bubbling under)[9] 1999 30
VH1 USA The 100 Greatest Rock Songs of All Time[10] 2009 3
Rolling Stone USA The 500 Greatest Songs of All Time 2003 75
Q Storbritannia 100 Greatest Gitar Tracks Ever[11] 2005 3
Toby Creswell Australia 1001 Songs: the Great Songs of All Time[12] 2005 *
Grammy Awards USA Grammy Hall of Fame Award[13] 2007 *
Rolling Stone USA 100 Greatest Guitar Songs of All Time[14] 2008 11
VH1 USA VH1 Greatest Hard Rock Songs[15] 2009 3

(*) uordna liste.

Medverkande endre

Kulturell innverknad endre

Songen er spelt inn av mange andre artistar. Han var kjend i Storbritannia som kjenningsmelodien for det langvarige fjernsynsprogrammet Top of the Pops i 1970- og 1980-åra. Han vart spelt under avsluttningsseremonien for sommar-OL i 2008 i Beijing den 24. august 2008, i ein omarbeidd versjon med Jimmy Page på gitar og Leona Lewis på vokal. Både Lewis og organisatorane bad om at tekten var endra, særleg linja «I'm gonna give you every inch of my love», som Lewis meinte ikkje gav meining når han vart sungen av ei kvinne.[16]

Andre versjonar endre

Sample endre

Kjelder endre

  1. «RIAA Gold & Platinum database». Henta 22. mars 2011. 
  2. «spreadit.org music». Henta 22. mars 2011. 
  3. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  4. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000)
  5. Biography at Eddie Kramer website, arkivert frå originalen 25. mars 2009, henta 22. mars 2011 
  6. Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings
  7. Cavanaugh, David. "Jimmy Page, 'Mission Accomplished.'" Uncut. Take 132 (mai 2008): 49.
  8. «100 Greatest Singles of All Time - 1989». Spin. Henta 22. mars 2011. 
  9. «Ten of the Best Songs Ever!.. (Bubbling under) - September 1999». Classic Rock. Henta 22. mars 2011. 
  10. «The 100 Greatest Rock Songs of All Time - July 2000». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 22. mars 2011. 
  11. «100 Greatest Gitar Tracks Ever - March 2005». Q. Henta 22. mars 2011. 
  12. Creswell, Toby (2005). «Whole Lotta Love». 1001 Songs: the Great Songs of All Time (1st utg.). Prahran: Hardie Grant Books. s. 303. ISBN 9781740664585. 
  13. «The Grammy Hall of Fame Award». National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta 22. mars 2011. 
  14. «100 Greatest Gitar Songs of All Time - June 2008». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 22. mars 2011. 
  15. «VH1 Greatest Hard Rock Songs - January 2009». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 22. mars 2011. 
  16. Led Zeppelin classic 'too racy' for Olympics, Daily Telegraph, 23 August 2008.

Bakgrunnsstoff endre