Fjøre

(Omdirigert frå Fjøremål)

Fjøre sjø eller fjære sjø, òg kalla lågvatn eller ebbe, er når tidvatnet er på sitt lågaste. Ved kvar fullmåne og nymåne er fjøra lågare enn normalt og blir kalla springfjøre,[1] medan ved kvar halvmåne er fjøra høgare enn normalt og blir kalla nippfjøre.[2] Langfredagsfjøra er kjent for å vere svært låg.

Korallrev ved fjøre sjø.

Fjøre kan også visa til den delen av stranda som blir synleg ved lågvatn.[3] Fjøremål eller lågvasslinja er det lågaste nivået sjøen fell til. Det motsette er flomål.

Kjelder

endre
  1. «spring – tidevannsforskjell». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023. 
  2. Barthel, Knut (7. desember 2020). «nipp». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «fjære». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2023.