Fjellarve
Fjellarve (Cerastium alpinum) er ei urt i nellikfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg. Stengel og blad har korte eller oftast lange mangecellar ullhår, ofte blanda med kjertelhår, eller, hjå underarten snauarve, ingen hår. Stengelen er ofte fleirblomstra. Dei øvre støtteblada er hinnekanta. Begerblada er 8-10 mm lange, og midtre delen mørkgrøn eller fiolett. Fjellarve blomstrar kring juli månad på turre stader, grus og knausar, mest til fjells. Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 2220 m i Jotunheimen. Fjellarve hybridiserer med snøarve og vanleg arve.
Fjellarve | |
Fjellarve | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Slekt: | Storarveslekta Cerastium |
Art: | Fjellarve C. alpinum |
Vitskapleg namn | |
Cerastium alpinum |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fjällarv» frå Wikipedia på svensk, den 18. september 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.