Opna hovudmenyen
Fjellhamar haldeplass på Hovedbanen

Fjellhamar er ein haldeplass på Hovedbanen og eit tettbygd område i Lørenskog kommune i Akershus fylke. Området ligg nord/nordaust i kommunen, med grense mot Strømmen i Skedsmo kommune i aust og mot skogsområdet Skjettenåsen i nord, til vatnet Langvannet og til området Kjenn i Lørenskog kommune i sør. Då Fjellhamar går i eitt med tettstaden Hanaborg i Lørenskog, vert desse to områda ofte på sett på som ei eining.

Kommuneadministrasjonen låg tidlegare på Fjellhamar, men vart flytta til Kjenn.

NSBs lokaltog mellom Lillestrøm i Skedsmo kommune og Asker stasjon i Asker kommune via Oslo Sentralstasjon går gjennom området, og gjev eit godt samband til både Lillestrøm, Strømmen og Oslo. Dei mest aktuelle stasjonane for busette på Fjellhamar, er Fjellhamar, Hanaborg og Lørenskog.

Langvannet, som Fjellhamar grensar til, eit populært badevatn om sommaren for både folk på Fjellhamar og for folk i Lørenskog i det heile.