Fjord1 Fylkesbaatane
Fjord1 Fylkesbaatane (tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) er eit norsk transportselskap. Det er ein del av Fjord1-konsernet, og driv i hovudsak ferje-, passasjerbåt- og godsbåt-trafikk i Sogn og Fjordane.
Historie
endreI 1858 vart selskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe skipa. I åra rundt hundreårsskiftet var den seinare statsministeren i Noreg, Christian Michelsen direktør. I 1919 endra selskapet namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1937 bygde selskapet sitt siste dampskip D/S «Fanaraaken». I 1939 kom «Lærdal» som var den første bilferja.
Utviklinga av Fylkesbaatane slik ein kjenner selskapet i dag starta på slutten av 1960-talet. Då bygde dei sine første snøggbåtar samstundes som det vart satsa sterkt på bygging av bilferjer. Berre på slutten av 1970-talet vart fem ferjer av det som den gong vart kalla 50-bilars-ferjer eller Møre-modellen sett i trafikk. I løpet av 1980- og 1990-talet vart flåten ytterlegare modernisert.
I 2001 danna Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar selskapet Nordvestlandske. Samarbeidet vart i løpet av det neste året utvikla vidare og i 2002 vart det til transportkonsernet Fjord1.
Fjord1 har kring 500 tilsette og har hovudkontor i Florø.[1]
Flåte
endreFerjer
endre- MF Aurland
- MF Dalsfjord
- MF Eid
- MF Fanaraaken
- MF Fjærlandsfjord
- MF Florøy
- MF Førdefjord
- MF Gloppen
- MF Gulen
- MF Lærdal
- MF Nordfjord
- MF Nårasund
- MF Selje
- MF Sogn
- MF Sognefjord
- MF Stryn
- MF Sunnfjord
- MF Svanøy
- MF Værøy