Fjordselva (også kalla Storelva og Fjordsdalselva) er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring på sørvesthellinga av Svadfjellet (878 moh.) like ved fylkesgrensa til Hordaland. Ho renn derfrå mot sørvest, deretter vest, og passerer gjennom Askarvatnet og Husevatnet. Frå Husevatnet snur elva mot nord og renn ned i Fjordsdalen, der ho renn saman med mange sideelver, der dei største er Duelva frå Duvedalen og Kvernhuselva frå Storelivatnet. Elva munnar ut ved Instefjord inst i Risnefjorden. Fjordselva er 12,1 km lang, med eit nedbørfelt32,4 km².[1] Middelvassføringen ved munningen er 4,32 m³/s.[1]

Fjordselva
Storelva, Fjordsdalselva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 32,4 km²
Sideelvar Duelva, Kvernhuselva
Lengd 12,1 km
Middelvassføring 4,32 /s
Kjelde Svadfjellet
Munning Risnefjorden ved Instefjord
Kart
Fjordselva
60°59′12″ N 5°28′59″ E

Europaveg 39 går parallelt med elva frå Husevatnet til Risnefjorden.

Fiske endre

I likskap med andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Fjordselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i dei høgareliggjande delane av nedbørfeltet. Her vart det på 1970- og 1980-talet registrert reduserte bestandar, og i fleire vatn vart bestanden av aure heilt utrydda. I lågareliggjande dele av vassdraget var tilhøva betre, men òg her redusert.[2] Undersøkingar i seinare år har likevel vist ei betring av tilhøva.[3][4]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  3. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
  4. Bjart Are Hellen, Erling Brekke, Steinar Kålås: Fisk, bunndyr og vannkvalitet i 35 lokaliteter i Sogn og Fjordane høsten 2003, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 678, 2003, ISBN 82-7658-233-8