Flüelapasset er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen, som går opp i 2 383 meter over havet, knyter saman Davos i dalen Landwassertal med Susch i Nedre Engadin.

Flüelapasset sett frå Davos-sida

Køyrevegen over Flüelapasset vart bygt 1866-67.

Vegen over Flüelapasset er vinterstengd frå november til mai. Fram til 1999 var vegen heilårsveg, men sidan den nærliggjande Vereinatunnelen vart opna i 1999 har fjellvegen vore stengd om vinteren, ettersom strekninga er utsett for snøras.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Flüelapasset