Fladda-chuain er ei øy som ligg nord for TrotternishhalvøyaSkye i Indre Hebridane i Skottland.

Fladda-chùain sett mot Skye
Fladda-chùain nordover mot Shiant Isles

Namnet kjem frå det norrøne Flatey, som tyder «flat øy», og Cuan, som er eit skotsk-gælisk ord for «hav» (eller «bukt» på irsk og gælisk). Sistnemnde viser truleg til the Minch, som vert kalla An Cuan Sgìth («Skyehavet») eller Cuan na Hearadh («Harrishavet»).

Historie

endre

Fleire segner er knytte til Fladda-chuain.

Det ligg nokre ruinar av eit kapell her, som er sagt å vere bygt av ein O'Gorgon i tida til heilage Columba.[1]

Den siste kjende innbyggjaren på øya vart kalla Am Muileach Mòr, som anten tyder «den store Mullmannen» eller «mannen på neset»[1]

I 2002 gjekk atomubåten HMS «Trafalgar» på grunn ved Fladda-chuain.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 174. ISBN 1841954543.