Flagging er det å heisa eit flagg opp på eit flaggstong etter faste reglar og sedvane. Særleg militæret, diplomati, monarki og internasjonale organisasjonar kan ha utfyllande reglar for flaggbruk.

Flagging med nordiske nasjonalflagg.
Flagging utanfor Ålands lagting.
Flagging ved kongeskipet «Norge».

Flaggbruk i Noreg endre

Flagging ved statlege verksemder endre

I Noreg finst det ei forskrift om flagging på statlrge bygningar.[1]

§ 4 i forskrifta bestemmer på kva dagar ein skal flagga ved statlege verksemder. Desse dagane er offisielle flaggdagar i Noreg.

§ 6 i forskrifta har reglar om heising og haling av flagget: I månedene mars til og med oktober skal flagget heisast kl. 08.00, i månadane november til og med februar kl. 09.00. Flagget skal halast ved solnedgang, men ikkje senere enn kl. 21.00 om sola går ned senare enn dette. I Nordland og Troms og Finnmark blir flagget heisa kl. 10.00 og hala kl. 15.00 i månedane november til og med februar.

Privat flaggbruk endre

Det finst ikkje noko lovpålegg for privat bruk av flagget, men det er vanleg praksis å preva å følgja det offentlege reglementet. Ved dødsfall firar ein flagget til halv stong på dødsdagen og bisetjingsdagen. Ein heiser då flagget til topps først og firar det så ned til «halv stong». Halv stong inneber at ein firar flagget ned ein tredel av høgda til stonga, måla frå toppen av flagget. Etter bisetjinga heisar ein flagget til topps att.[2]

Kjelder endre

  1. Forskrift 21.10.1927 nr. 9733 angående bruk av statsflagget og handelsflagget
  2. «Flaggning på halv stång». Flaggfabriken National. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. 

Bakgrunnsstoff endre