KS «Norge»

KS «Norge» eller Kongeskipet «Norge» er eit skip som er ått av kongen av Noreg. I samband med at Kong Haakon VII vart konge av Noreg i 1905, vart han lovt eit eige kongeskip. Noko slikt skip vart ikkje kjøpt, men etter den andre verdskrigen vart det organisert ei pengeinnsamling. Målet var å gje kongen eit skip som ei folkegåve. I 1947 vart den britiske motoryakten «Philante» kjøpt inn for 1,5 millionar kroner. Båten vart bygd av Camper & Nicolson i Southampton og vart sjøsett 11. februar 1937. Han var opphavleg eigd av flyprodusenten Thomas Sopwith. I den andre verdskrigen vart båten nytta av den britiske marinen til eskortefartøy over Atlanterhavet. Norsk kommando vart heist 17. mai 1948.

KS «Norge»
Norwegian Royal Yacht Norge in Stockholm september 2005.jpg
KS «Norge» ved Skeppsbron i Stockholm, under besøket til den norske kongefamilien i september 2005.
Karriere
Namn: KS «Norge»
Kongeskipet «Norge»
Type: Kongeskip
Eigar: Kongen av Noreg
Byggherre: Camper & Nicolson
Verft: Camper og Nicholsons
Sjøsett: 11. februar 1937
Sett i teneste: 1937
Heimehamn: Oslo
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 1625 tonn
Lengd: 80,6 m
Dekkbreidde: 11,6
Djupgang: 4,7 m
Djupne: 4,7 meter
Fart: 14 knop
Mannskap: 18 befal og 36 vernepliktige

Kong Olav V overtok kongeskipet i 1955, og kong Harald V i 1991.

7. mars 1985 fekk kongeskipet «Norge» store brannskadar då det låg på verkstad ved Marinens Hovedværft i Horten.

No vert KS «Norge» nytta av kongefamilien til offisielle og private reiser i Noreg og i utlandet. Båten er drifta av Sjøforsvaret.

Sjå ogEndra

KjelderEndra