Koordinatar: 63°28′34.601″N 10°8′59.978″E

Flakk på Byneset ved Trondheimsfjorden

Flakkfjorden er ein delfjord av Trondheimsfjorden i Trondheim kommune i Trøndelag. Fjordstykket ligg i den sørlege halvdelen av Trondheimsfjorden mellom Korsfjorden og om lag 10 km austover til der Strindfjorden startar.

Fjorden startar om lag ved Klefstad i vest og går austover til Trolla, like vest for sentrum av Trondheim. Fjorden passerer Flakk, som han er kalla opp etter. Frå Flakk går det ferje over fjorden til Rørvik.

Riksveg 707 går langs fjorden til Flakk, og frå her går riksveg 715 vidare austover.