Korsfjorden i Sør-Trøndelag

Fjord i Sør-Trøndelag

Koordinatar: 63°26′59.622″N 10°3′26.269″E Korsfjorden er ein delfjord av Trondheimsfjorden i Orkland, Trondheim og Indre Fosen i Trøndelag. Fjorden ligg i området der Flakkfjorden går vidare austover og Orkdalsfjorden går sørover. Fjorden har ei lengd på om lag 4 km frå vest til aust.

Kommunegrensa mellom dei tre kommunane møter kvarandre midt i Korsfjorden. Fjorden startar i vest mellom Rødbergneset i nord og Geitaneset i sør. I aust endar fjorden om lag mellom Trongen i nord og Rye i sør.

Bygda Stadsbygd ligg i Rissa på nordsida av fjorden.