Fylkesveg 715

veg i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
(Omdirigert frå Riksveg 715)
Fylkesveg 715
715
Strekning
NamdalseidTrondheim

Rv715 gjennom Sør- og Nord-Trøndelag

Kart over Fosen, med riksvegar innteikna
Informasjon
Lengd 176,7 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 715
Sjå òg Fylkesveg 715 (fleirtyding)

Fylkesveg 715 (Fv715) går mellom Namdalseid og Trondheim over Fosenhalvøya.

Han tar av frå E6 ved Ila og går vestover langs sørsida av Trondheimsfjorden til Flakk der det går ferje til Rørvik i Rissa. Frå der går vegen ein mils veg nordaust langs nordsida av Trondheimsfjorden til Vanvikan før vegen går nordvestover Fosen gjennom Skaugdalen i Rissa, Åfjord, Roan, Osen. Frå Osen går vegen austover til han møter fylkesveg 17.

Historikk endre

Vegen mellom Mælan i Stjørna og Årnes i Åfjord vart opna i 1950. Vegen mellom Rødsjø og Olsøy i Skaugdalen vart opna på byrjinga av 1960-talet. Den nyaste delen av vegen er strekninga Brattjer-Sundet i Osen. Den delen stod ferdig i 1978. Då fekk Rv724 Sundet-Fossli vegnummer Rv715.

Den 31. januar 2006 vart Arnevik bru riven vekk av flaumen. Ein person omkom då bilen han køyrte, hamna i elva. 9. februar vart ei provisorisk bru opna og ei ny bru vart innvigd i desember 2007.

Fylkesveg 715 i Osen mellom Sundet og kommunegrensa ved Vikvatnet er del av Nordfosen veimiljø. 21. desember 2009 kunngjorde riksantikvaren at Nordfosen veimiljø vert fredet[1][2].

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

  Trøndelag endre

Namdalseid
 
Fylkesveg 715 langs Levatnet i Osen
 
Rv715 går langs Normelandsfossen på venstre side

[[Fil::Osen kirke.jpg|Osen kyrkje i Steinsdalen]]

Osen
Roan
  • Fv6312 frå Reppkleiv til Nordskjør
Åfjord
 
Rv715 gjennom Årnes
Indre Fosen
 
Ferjeleiet på Rørvik
Trondheim

Bynesveien

Referansar endre

  1. «Disse 40 vegstrekningae er fredet». Riksantikvaren, Direktoratet for kulturminneforvaltning. 21. desember 2009. Henta 24. mai 2010. 
  2. «Runer frå Osen Nr. 4. Gjenopning av gammelveien Sørjer - Brattjer». Osen kommune. 2009. Henta 24. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff endre