Flamme Forlag () er eit norsk forlag skipa 1. april 2008 i Oslo med skribentane Nils-Øivind Haagensen og Bendik Wold som forlagssjefar og redaktørar, og formelt underlagt storforlaget Cappelen Damm AS.

Flamme Forlag
Org.nr.960868978
BransjeBokforlag
Skipa2008
MorselskapCappelen Damm
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttp://www.flammeforlag.no/ (norsk)

Forlaget ser det som si oppgåve å utfordre den etablerte forlagsverda i Noreg ved å gje ut ikkje berre vanlege bøker, men alternative publikasjonar som pamflettar, stutte romanar, essays og det som vert kalla «boksinglar», som skal vere små bøker prenta i små opplag, utgjeve i eit sabla tempo. Mellom anna har forlaget publisert «singlane» Hemmelige Tjenester av den norske forfattaren, fotografen og Cappelen Damm-forleggjaren John Erik Riley, og JFK jr., som er åtte dikt om John F. Kennedy jr., jentefut og ektefødt son av USAs 35. president, skrive av den amerikanske 'queercore-forfattaren' Dennis Cooper og omdikta i norsk språkform av Bendik Wold. Fleire av bøkene frå forlaget har utmerka seg på ulikt vis i den norske og nordiske bokverda og ved å gjere seg gjeldande i det offentlege ordskiftet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre