Bendik Wold

norsk journalist

Bendik Wold (fødd 7. november 1979) er ein norsk journalist og samfunnsdebattant. Han starta karrieren si som kulturjournalist i Klassekampen, før han tok til som litteraturredaktør i Morgenbladet. I 2006 gjekk Wold attende til Klassekampen for å tiltre stillinga som redaktør for avisas nye litteratursatsing på laurdagar. Wold har bakgrunn m.a. frå sentralstyret i Sosialistisk Ungdom.

Bendik Wold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1979 (44 år)
Yrke journalist, skribent
Språk norsk

I 2004 skreiv han boka Tredje venstre saman med Magnus Marsdal. Boka har røter i ungdomskonferansen Manifest02, og forfektar eit individualistisk, demokratisk sosialismesyn.

I april 2008 skipa han og tidlegare journalistkollega frå Klassekampen Nils-Øivind Haagensen forlaget Flamme Forlag, som formelt er underlagt forlaget Cappelen Damm. Forlagsredaktørane Haagensen og Wold kallar sjølv Flamme Forlag for eit «allemannsforlag», som primært skal gi ut «ny norsk skjønnlitteratur».[1]

Referansar endre

  1. Om forlaget Arkivert 2008-07-03 ved Wayback Machine.. Flamme forlag. Lasta ned 05. mai 2008
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.