Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen (fødd 29. juli 1971)[1] er ein norsk forfattar og journalist. Haagensen er fødd i Ålesund og busett i Oslo.

Nils-Øivind Haagensen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. juli 1971 (49 år)
i Ålesund
Yrke Forfattar, journalist
Periode 1998-
Debut Hender og hukommelse

Haagensen har hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, men har òg studert samanliknande politikk og religionsvitskap. Han jobba som kulturjournalist i Klassekampen i ei årrekke, men forlet avisa i april 2008 for å skipa forlaget Flamme Forlag med tidlegare redaktør for bokmagasinet i same avis, Bendik Wold. Forlaget er eit dotterselskap av CappelenDamm. Forlagsredaktørane Haagensen og Wold kallar sjølv forlaget eit «allemannsforlag», som primært skal gi ut «ny norsk skjønnlitteratur».[2]

Haagensen var i fleire år redaktør for antologien Signaler. I 2004 mottok Haagensen Sult-prisen. Han var innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2013 for God morgen og god natt.[3]

BibliografiEndra

  • Åtte dikt i Signaler – debutant-antologi (1995)
  • Hender og hukommelse – dikt (1998)
  • Et godt sted – dikt
  • Det radioaktige – roman (2001)
  • 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring – dikt (2002)
  • Enkelte dikt – dikt (2003)
  • Nils-Øivind Haagensen skriver – dikt (2005)
  • Møt meg, møt meg, møt meg – reisebok (2006)
  • Hvorfor er jeg så redd? – dikt (2007)
  • Drit i døden - Her er Dan Turèll – gjendikting saman med Bendik Wold (2007)
  • Jack Kerouac: San Fransisco Blues – gjendikting (2008)
  • Brenn ned skiten – (2009)
  • Haruki og jeg – lyrikk (2010)
  • God morgen og god natt – lyrikk (2012)

ReferansarEndra

  1. ««Nils-Øivind Haagensen (29.07.1971)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013. 
  2. Om forlaget. Flamme forlag. Lasta ned 5. mai 2008
  3. Tone Staude (30. november 2012). «Kan få Nordisk råds litteraturpris». NRK. Henta 19. februar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra