Flammegullkvefs

insektart

Flammegullkvefs (Chrysis viridula) er ein gullkvefs i slekta eldgullkvefsar. Han finst i ulike varme naturtypar som skogkantar, sandområde og tørrbakkar.

Flammegullkvefs
Flammegullkvefs Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Flammegullkvefs
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Status
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Familie: Gullkvefsar Chrysididae
Slekt: Chrysis
Art: Flammegullkvefs C. viridula
Vitskapleg namn
Chrysis viridula

I Noreg er arten nokso sjeldan med nokre spreidde funn på Austlandet.[2] Vertsarten her er truleg murarkvefsen Odynerus spinipes.

Flammegullkvefs kan vanskeleg forvekslast med andre artar grunna dei unike fargeteikningane på kroppen.

Raudlistevurdering

endre

Chrysis viridula er vurdert som sårbar (VU) fordi arten har eit avgrensa førekomstareal der bestanden er truleg kraftig fragmentert og kvaliteten på habitatet er vurdert til å vera i tilbakegang.[1]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av flammegullveps Chrysis viridula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.