Flatdalsteinen
Flatdalsteinen er ein runestein frå Flatdal kyrkje i Seljord kommune i Telemark. Steinen låg på kyrkjegarden, rett utanfor kordøra. Han er første gong skildra i presten Hans A. Wille sin sjølvbiografi frå 1765. Innskrifta vart avteikna av M.A. Arendt i 1804. Steinen vart overteken av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring, som i 1864 gav han til Universitetets Oldsaksamling. I dag er steinen magasinert ved Kulturhistorisk museum.
Innskriften er:
- ok mote ræistrunarþesar uktbiþrþørsalmakankuþ at hantake uiþsalmakas er þese stein likribir
På norrønt vert det:
Ogmundr reist rùnar þessar, ok biđr þess almàtkan Guđ, at hann taki viđr sàl Gamals, er þessi steinn liggr yfir.
Og på moderne norsk:
«Ogmund rista desse runene, og ber den allmektige Gud at han vil ta imot Gamals sjel, han som denne steinen ligg over.»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flatdalsteinen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. Annet bind. Av Magnus Olsen. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. Jacob Dybwad. s. 214-219.