Seljord kommune

kommune i Telemark fylke

Seljord kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen ligg sentralt i fylket og grensar i aust til og Notodden, i nord til Tinn og Hjartdal, i vest til Tokke og Vinje, og i sør til Kviteseid.

Seljord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Seljord
Areal 715 km²
 - land 672 km²
 - vatn 43 km²
Folketal 2 979  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H)
Kommunenr. 4022
Kart
Seljord
59°30′48″N 8°38′56″E / 59.513333°N 8.648889°E / 59.513333; 8.648889
Wikimedia Commons: Seljord
Nettstad: www.seljord.kommune.no

Kommunegrensene har vore endra to gonger, fyrst i 1873 då eit mindre område vart ført over frå Kviteseid, seinare i 1883 då eit mindre område vart ført over til Bø.

Administrasjonssenteret i Seljord kommune er tettstaden Seljord. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad, som kjem ut tre gonger i veka.

Geografi og historikk endre

Seljord ligg midt i Telemark, omkring Seljordvassdraget og Seljordsvatnet. Fleire dalføre går gjennom kommunen. Flatdal, Åmotsdal og Kivledalen møtest ved vestbreidda av Seljordsvatnet, der kommunesenteret Seljord ligg. Mellom dalane ligg fjellet Skorve på 1370 moh.

Busetnaden i kommunen er samla i og ved tettstaden Seljord og i fjelldalen Åmotsdal. Lengst nord ligg eit landskapsvernområde, Brattefjell-Vindeggen, som òg strekkjer seg inn i kommunane Vinje, Tinn og Hjartdal. Det høgste punktet i Seljord kommune er Brattefjell på 1541 moh.

Seljord har heldt seg som sjølvstendig administrativ eining frå 1837, og kommunegrensene har nå vore stabile i meir enn 100 år. 1. januar 1883 vart ein del av Seljord med 235 innbyggjarar overført til Bø kommune. 11. oktober 1873 vart ein ikkje busett del av Kviteseid kommune ved overført til Seljord.

Namnet Seljord stammar frå trenamnet selje og det norrøne ordet gerði, som tyder inngjerda jordstykke. Ein person frå Seljord blir kalla for seljording.

Næringsliv og samferdsel endre

 
Seljord kyrkje er ei lita langkyrkje i stein frå 1180.
 
Lifjell (1314 moh.) og Lifjellområdet ligg nord i Seljord kommune. Biletet viser Gleksefjell (til venstre) og Nybufjellet (rett fram) sett frå toppen av Krintofjellet.

Jord- og skogbruk har vore viktige næringar i Seljord, og tilhøva for jordbruk har betra seg då vasstanden i Faltsjø vart redusert. Tettstaden Seljord er eit lokalt handelssenter. Av industriell verksemd kan nemnast trevare- og møbelindustri knytt til skogdrifta, attåt noko næringsmiddel- og verkstadindustri.

Europaveg 134 går gjennom kommunen i Flatdal, og går så sørover til tettstaden Seljord der han møter riksveg 36 frå Bø og Grenland, før han held fram vestover. Telemark Bilruter har hovudkontor i Seljord, og driv eit breitt rutenett gjennom heile Telemark og inn i Aust-Agder til Arendal.

Kultur endre

Dyrsku'n i Seljord er eit fesjå på telemarksfe som vart arrangert for fyrste gong i 1866. Fesjået har utvikla seg til ein betydeleg handelsmarknad og er i dag det største fesjået i Noreg med rundt 80 000 som besøkjer kvart år. Countryfestivalen i Seljord vart arrangert fyrste gong i 1999 og er også den største av sitt slag i landet. Kvar juli blir Seljordspel arrangert, med skodespel, dans, musikk og kunstutstillingar.

Granvin kulturhus i Seljord er det regionale kulturhuset for Vest-Telemark. Det er to museum i kommunen. Bileta til Eva Bull Holte blir stilte ut på Eva Bull Holtes Museum og Sjøormmuseet gjev informasjon om historiene om sjøormen som held til i Seljordsvatnet.

I 2010 fekk Seljord kommune prisen Årets nynorskkommune for mellom anna godt språkleg arbeid retta mot born.

Kommunevåpenet endre

Kommunevåpenet vart vedteke av kommunen 27. april 1989 og godkjent den 15. september same år. Motivet er på raud botn ein gul sjøorm og spelar på soga om ormen i Seljordsvatnet.

Kjende seljordingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

59°28′57.8″N 8°37′36.2″E / 59.482722°N 8.626722°E / 59.482722; 8.626722