Tarmgass (flatus) er hovudsakleg sett saman av gassane N2 (nitrogengass), CO2 (karbondioksid) og H2 (hydrogengass); og 30-40 % av friske personar skil òg ut metangass (CH4). Når gassen slepp ut av endetarmen blir det kalla flatulens på latin, på folkeleg norsk promp eller fis.