Flavio Biondo

italiensk historikar

Flavio Biondo eller Flavius Blondus (13921463) var ein italiensk historikar frå renessansen. Han var den første som tok omgrepet mellomalderen i bruk, og er og rekna som ein av dei første arkeologane. Han var fødd i Forli, men etter eit opphald i Milano kom han til Roma i 1433, der han for alvor tok til med skriving. Han arbeidde i Vatikanet, og var tilsett under ei rekkje pavar.

Flavio Biondo

Fødd 1388
Forlì
Død

4. juni 1463 (71 år)
Roma

Yrke historikar, arkeolog, geograf, Renaissance humanist
Språk latin, italiensk
Flavio Biondo på Commons
Flavio Biondo

Livsverk endre

I Roma gjorde Biondo eit grundig arbeid med katalogisering av ruinar frå det antikke Roma. Dette resulterte i tre store leksikalske verk, og gav han æra av å ha laga skole for arkeologien. Seinare forsking bygde mykje på dei resultata han fann i Roma. Ruinane frå antikken var mykje attgrodde på denne tida, og byen hadde minka i storleik. Forum Romanum var ikkje å sjå, det var ei beitemark for kyr, og frå Kapitol kunne ein ikkje sjå stort anna enn øydemark.

Biondo skreiv så verket De Roma Instaurata (Atterreiste Roma), der han la fram ei grundig plan for korleis byen hadde lege i klassisk tid. Verket har tydd mykje for seinare historisk forståing av byen, og har hatt stor tyding fram til i dag. Den neste boka, De Roma Triumphante (Sigrande Roma) frå 1459, kom til å tyde mykje som kjelde til italiensk sjølvkjensle og vørdnad for det gamle Roma. Biondo sytte samstundes for at Pavestolen vart sett i samanheng med keisardømet, som eit naturleg framhald av dette.

Samstundes skreiv Biondo bandsterke verk om italiensk historie og geografi. På grunnlag av geografen Strabo tok han i bruk omgrepet Italia som nemning for heile Appeninarhalvøya. Han sytte så for å binde saman geografi og historie slik at han knytte tråden attende til antikken, og skapte historisk samanheng for det italienske folket. Ei "nasjonal" historieskriving for Italia kan slik førast attende til Biondo.

I 1442 låg det største historieverket hans ferdig, der han sette opp historia om Europa i tre bolkar. Han byrja med antikken, som tok slutt med plyndringa av Roma i 410, så følgde Mellomalderen, og det moderne samfunnet fram til 1442. Dette er første gongen «mellomalderen» er nytta som omgrep, og verket skapte skole. Ein tilsvarande tredeling var og nytta av Leonardo Bruni noko før. Både Biondo og Bruni var inspirerte av Francesco Petrarca, som hadde nytta omgrepet «mørkeåra» om mellomalderen.