Fleircella organisme

Fleircella organisme er ein organisme som skilnad frå eincella organismer består av meir enn ei celle.[1] Desse cellene kan vera spesialiserte, det vil seia at dei har ulike utformingar og funksjonar.

Tetrabaena socialis er ein fleircella organisme danna av fire celler.

Alle dyreartar, landplantar og dei fleste soppar er fleircella. Også mange algar er fleircella.

Nokre få organismar kan ha både eincella og fleircella trekk, som slimsoppar og sosiale amøbar slik som slekta Dictyostelium. Det kan ofte vera vanskeleg å skilja mellom koloniar danna av fleire identiske individ og verkelege fleircella organismar.[2][3]

Kjelder endre

  1. Becker, Wayne M.; et al. (2009). The world of the cell. Pearson Benjamin Cummings. s. 480. ISBN 978-0-321-55418-5. 
  2. Brian Keith Hall; Benedikt Hallgrímsson; Monroe W. Strickberger (2008). Strickberger's evolution: the integration of genes, organisms and populations (4th utg.). Hall/Hallgrímsson. s. 149. ISBN 978-0-7637-0066-9. 
  3. Adl, Sina; et al. (October 2005). «The New Higher Level Classification of Eukaryotes with Emphasis on the Taxonomy of Protists». J. Eukaryot. Microbiol. 52: 399–451. PMID 16248873. doi:10.1111/j.1550-7408.2005.00053.x. Henta 19 March 2013.