Flikkjempe (Plantago coronopus) er ein plante i kjempeslekta.[1]

Flikkjempe
Flikkjempe
Flikkjempe
Status
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Flikkjempe P. coronopus
Vitskapleg namn
Plantago coronopus

Han er ein urteaktig plante med ein rosett av blad ved bakken. Han kan vera eittårig, toårig eller fleirårig.[2] Planten veks hovudsakleg på sand- eller grushaldig jord nær havet. Han kan også veksa nær saltbehandla vegar.[3]

Flikkjempe stammar frå Europa, Vest-og Sentral-Asia og Nord-Afrika. Han finst også som innført art i USA, Australia og New Zealand. Nokre av desse stadene kan han bli eit problem.[2] Han er observert nokre få gonger i Noreg, hovudsakleg på slutten av 1800-talet.[4] Arten var tidlegare rekna som ein framandart som var komen inn her og der med ballastjord,[5] men ein lokal førekomst ved Larvik, som vart funnen i 1993, gjer at arten truleg må reknast som heimleg.[6] Arten er derfor teken med på raudlista frå 2021 som sterkt truga (EN).[7]

Blada er smale og lanseforma med tenner eller takkar, og kan bli opptil 25 centimeter lange.

Blomestanden veks opprett og kan bli rundt 4-7 cm høg. Dei spisse blomane sit tett og bøyer seg av og til. Kvar blom har fire kvitlege flikar som er rundt ein millimeter lange.

Planten blir dyrka som ein grønsak kjend som erba stella[8] som hovudsakleg blir brukt i salat.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Flikkjempe Plantago coronopus». Artsdatabanken. Henta 19. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Plantago coronopus (Buck's-horn plantain)». Invasive Species Compendium. CABI. 
  3. «Plantago coronopus». Online Atlas of the British and Irish flora. Henta 19. august 2018. 
  4. «Vis utvalg i liste - Artskart 2». Artsdatabanken. Henta 19. august 2018. 
  5. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 27. februar 2023. 
  6. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 952. 
  7. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2023. 
  8. Coleman, E. (1999), Four-Season Harvest: Organic Vegetables from Your Home Garden All Year Long (second utg.), Chelsea Green Publishing, ISBN 978-1890132279 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Flikkjempe