Flintshire
Flintshire (walisisk Sir y Fflint) er eit grevskap i det nordlege Wales. Det grensar mot Wrexham og Denbighshire i Wales og dei engelske grevskapa Merseyside (på andre sida av River Dee) og Cheshire. Administrasjonsbyen er Mold.
Flintshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Areal |
438 km² |
Administrasjonsstad |
Mold |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2007) - Folketettleik |
150 500 343,6 /km² |
Det tradisjonelle grevskapet Endra
Det noverande grevskapet vart oppretta i 1996, men Flintshire har ei lengre historie. Grensene for det tradisjonelle og det administrative grevskapet stemmer ikkje heilt overeins. Spesielt gjeld dette eksklaven Maelor Saesneg, som vert administrert som del av Wrexham og Prestatyn og Rhyl som er ein del av Denbighshire.
Stader i Flintshire Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Flintshire» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2009.