Florø Turn og Idrettsforening

Florø Turn og Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Florø i Sunnfjord. Idrettslaget vart stifta i 1893 med turn og friidrett som sentrale idrettsgreiner.

Frå 1950-åra har enkelte friidrettsutøvar hevda seg i noregstoppen i ulike greiner. I fremste rekke sleggjekastaren Magne Føleide som vart noregsmeister tre gongar og hekkeløparen Øyvind Kjerpeset som var norsk rekordhaldar og norsk meister i 400 meter hekk.

Kjelder

endre