Magne Føleide
Magne Føleide (30. juni 1937–14. oktober 2022) var ein friidrettsutøvar, idrettsleiar og skulemann frå Vereide i Gloppen kommune. Han vart norsk meister i sleggjekasting i 1969, 1970, 1971. Føleide var medlem i Vereide IL, IL Norrøna, Sarpsborg IL, Halden IL og Florø Turn og idrettsforening (FTIF).
Magne Føleide | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juni 1937 Vereide |
Død | 14. oktober 2022 (85 år) Florø |
Idrett | friidrett |
Aktiv
endreFøleide var i norgestoppen i sleggjekasting i perioden 1954 til 1973. Gjennom desse 20 åra vann han i noregsmeisterskap i friidrett åtte sølvmedaljar, sju bronsemedaljar og sesongane 1969-71 tre gullmedaljar i rad. I 1961 fekk han bronsemedaljen i øvinga under Nordisk meisterskap i friidrett.
Personbeste
endre17 år gammal kasta Føleide sleggja over 50 meter i fleire tevlingar. Lengst nådde han 15. september 1954 då han med 50,73 meter syrgde for norsk dobbeltsiger i landskampen mot Hellas i Aten, Sverre Strandli vann med 60,18 m. I juni 1955 forbetra Føleide sitt personbeste til 52,28 m heime på Sandane. Gjennom 1956-sesongen flytta han krinsrekorden i fleire steg, sist til 56,85 ved eit internasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo 12. september. Framgangen heldt fram i 1957, den 7. september landa sleggja på 58,80 m i eit stemne på Notodden.
I sitt fyrste år som senior var Føleide klubbkamerat med Oddvar Krogh og Sverre Strandli i Sarpsborg IL. Heime i Sarpsborg pynta han på den personlege rekorden med eit kast på 59,02 m den 27. august 1958. I 1959 flytta Føleide til Halden der han 20. september 1960 for fyrste gong slengde sleggja over 60 meter (60,05 m). Under NM i friidrett 1961 i Bergen forbetra han den personlege rekorden til 61,40 m og vart andremann etter Sverre Strandli som gjorde årsbeste med 62,47 m. I 1962 flytta Føleide sitt personbeste to gongar, sist til 62,28 m då han vann eit stemne i Uddevalla.
8. august 1965 kasta Føleide 63,32 m i Årdalstangen i Sogn. År 1969 stod Føleide for fyrste gong for det lengste sleggjekastet i Noreg. Heime i Florø sette han han 9. august personleg rekord med 63,50 m. Sitt aller lengste sleggjekast, 63,58 meter, presterte han i eit stemne i Tresfjord 4. juli 1970.
Idrettsleiar
endreFøleide underviste ved Flora vidaregåande skule i over 30 år. I fleire tiår var han ein sentral figur i eit framifrå friidrettsmiljø i Florø. Dottera Eli Føleide var ein av utøvarane som vann medalje i noregsmeisterskap, ho i lengdehopp og tresteg, andre FTIF-utøvarar i løps- og kastøvingar.