Flora Lapponica er rekna som det viktigaste av dei tidlege verka til den svenske naturvitskapsmannen Carl von Linné. Verket gav kjennskap til plantelivet i trakter som var nesten ukjende for vitskapen og verda utanfor. Verket vart utgjeve i 1737.

Carl von Linné foretok sommaren 1732 ei reise til Lappland for å studere og samle inn plantar. Ein av lærarane hans, Olof Rudbeck d.e., hadde foretatt ei liknande reise i 1695, men den store brannen i Uppsala i 1702 hadde øydelagt det meste av samlingane og notata til Rudbeck. I samtalar med Rudbeck fekk Linné etter det han sjølv seier «ei utrueg lengt etter dei lapplandske fjella». Med stød i frå Rudbeck søkte Linné Vitskapsselskapet i Uppsala om middel til ei ny lapplandsreise. Linné gjorde flittige notat på reisa og desse vart utgjevne første gong i engelsk omsetjing i 1811.

I denne framande verda samla han inn ei mengd til då ukjende plantar, som skulle bli materialet til Flora Lapponica, det kanskje mest betydelege av dei tidlege verka til Linné, og det første verket som gjorde greie for den lapplandske floraen. Verket vart likevel ikkje trykt og utgjeve før i 1737.

Bakgrunnsstoff endre