Florence Steurer

Florence Steurer (fødd 1. november 1949) er ein fransk tidlegare skirennar frå Lyon. Ho vann to VM-sølv og ein VM-bronse i tida 1966-72, samt OL-bronse i 1972. Steurer vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1969.

Florence Steurer
Florence Steurer 1968.jpg
Fødd 1. november 1949 (73 år)
Lyon
Yrke alpinist
Florence Steurer på Commons

AktivEndra

Sommaren 1966 tok 16 år gamle Steurer bronsemedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1966 i chilenske Portillo. To år seinare heldt ho på å ta ein ny bronsemedalje i storslalåm under vinterleikane i heimlandet, men kom i mål ein hundredels sekund bakom bronsevinnaren, sveitsiske Fernande Bochatay.

Steurer fekk sølvmedaljen i kombinasjonen då VM i alpine greiner 1970 vart avvikla i Val Gherdëina. Medaljen kom etter gode prestasjonar i dei ordinære øvingane; ho vart nummer seks, sju og åtte i høvesvis utfor, slalåm og storslalåm.

I sitt sist internasjonale meisterskap vann Steurer ein OL-bronse i slalåm under Vinter-OL 1972 i Sapporo. For sine prestasjonar i OL-løypene fekk ho VM-sølv i kombinasjonen, då denne øvinga ikkje stod på OL-programmet.

Steurer deltok i verdscupen i alpine greiner frå starten i 1967 til 1972. I sin beste sesong, 1969, vart ho nummer to etter austerrikske Gertrud Gabl i kampen om den store FIS-pokalen. Til saman stod Steurer 27 gongar på sigerspallen etter renn i verdscupen, men ho vann berre fire av dei, tre i slalåm og eitt i storslalåm. Ho vart fransk meister fire gongar i 1967 og 1969; to i utfor, samt ein gong i både slalåm og kombinasjon.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar