Flosta
Flosta er ei øy og ein tidlegare kommune i Arendal kommune i Aust-Agder fylke. Flosta var eigen kommune frå 1902 til 1961.
Flosta | |
---|---|
Uthavna Narestø ligg på Flostaøya Foto: Karl Ragnar Gjertsen
| |
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 58°31′48″N 08°57′02″E / 58.53000°N 8.95056°E
|
Areal | 7.9 km²
|
Høgaste punkt | Øygardsåsen (68 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Agder |
Største busetnad | Nærestø
|
Flosta kommune låg delvis på fastlandet og delvis på øyane Flosta og Tverrdalsøya.
Frå 1837 var Flosta del av Dypvåg formannskapsdistrikt. Flosta vart skild ut som eigen kommune med 1 892 innbyggjarar 1. januar 1902.
1. januar 1962 vart Flosta, Austre Moland, Stokken og Strengereid krets i Arendal slått saman til ein ny storkommune som fekk namnet Moland kommune. Flosta hadde på dette tidspunktet 1 205 innbyggjarar.
Frå 1.1.1992 er Flosta saman med resten av Moland kommune ein del av Arendal kommune.
Kommunesenteret i Flosta var tettstaden Kilsund på Tverrdalsøya. Andre kjende stader i Flosta er uthamna Narestø.