Flotta
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flotta i Shetlandsøyane.
Flotta er ei lita øy i Orknøyane i Skottland i Scapa Flow. Øya er kjend for den store oljeterminalen som finst her og ho har ferjesamband til Houton på Mainland og Lyness og Longhope på Hoy.
Flotta | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°50′N 3°07′W / 58.83°N 3.12°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 8,76 km²
|
Høgaste punkt | West Hill (58 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 81 (2001) |
Folketettleik | 9,2 /km² |
Ved starten av 1900-talet var øya eit roleg, landleg samfunn som dei andre øyane i Orknøyane, men sidan ho ligg så verna til vart det gjort tre store omveltingar på øya.
Under den første verdskrigen låg det ein marinebase på øya. Slagetskipet HMS «Vanguard» forliste i nærleiken av øya i 1917, noko som visstnok var den verste maritime katastrofen i britisk farvatn. Under den andre verdskrigen vart øya igjen nytta som marinebase.
I 1974 starta Occidental Petroleum bygginga av oljeterminalen på øya. Dette vart den nest største britiske oljeterminalen ved Nordsjøen etter Sullom Voe på Shetland. Her går røyrsystema frå Piper og Claymore-felta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flotta» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.