Folke Bernadotte

svensk diplomat og politikar

Folke Bernadotte af Wisborg (2. januar 189517. september 1948) var ein svensk greve, ein av leiarane av den svenske Raudekrossen og diplomat.

Folke Bernadotte
Folke-Bernadotte.jpg
Fødd 2. januar 1895
Stockholm, Skeppsholms församling
Død

17. september 1948 (53 år)
Jerusalem

Yrke politikar, diplomat, militær
Folke Bernadotte på Commons
Folke Bernadotte snakkar med australske krigsfangar i Tyskland i 1943‎

Dei kvite bussaneEndra

I Noreg er han mest kjend for arbeidet med organiseringa av Dei kvite bussane, som førte til at mange norske og danske fangar i nazi-tyske konsentrasjonsleirar vart frigitt.

PalestinaEndra

Han vart utnemnd til FN sin hovudmeklar i Palestina i 1948, blant anna klarte han å få til ein våpenkvile mellom Israel og dei arabiske landa. Under oppdrag i Jerusalem vart han 17. september 1948 myrda av ei jødisk terroristgruppe, Lehi («Stern-gjengen»).

Det var tre leiande menn i denne gruppa som hadde godkjent mordet: Den seinare statsministeren i Israel Yitzhak Shamir, Natan Yellin-Mor, og Yisrael Eldad, og det vart planlagt av operativ leiar for Lehi i Jerusalem, Yehoshua Zetler. Zetler døydde i Israel i 2009, 92 år gamal.

KjelderEndra

I hovudsak bokmålswikipediaen, med litt frå den engelske, lesen 21. mai 2009.