Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste

Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet i 1981. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Arkivert 2006-12-21 ved Wayback Machine. Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var opphavleg registrert som Ensliges Parti, som stilte til val i 1973 og 1977. Ved stortingsvalet i 1981 stilte partiet til val som Folkeavstemningspartiet i alle fylke utanom Vest-Agder, der det stilte som Tverrpolitisk Liste. Det totale stemmetalet vart 1482, noko som utgjorde 0,06 % av røystene på landsbasis. Partiet kom dermed ikkje inn på Stortinget. Størst oppslutning fekk Tverrpolitisk Liste i Vest-Agder, med 383 røyster, noko som utgjorde 0,5 % av røystene der. I 1984 endra partiet namn til Upolitisk liste.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.