Folkeforbundet (engelsk League of Nations, fransk société des Nations, tysk Völkerbund) var ein internasjonal organisasjon som vart skipa den 25. januar 1919 på fredskonferansen i Paris i 1919. Grunnlaget var del I av Versailles-traktaten etter første verdskrig.

Folkeforbundet
Skipa1919
HovudkontorPalais Wilson, Palais des Nations
LeiarEric Drummond, Joseph Avenol, Seán Lester
IdeologiInternasjonalisme
Oppløyst18. april 1946, 20. april 1946
Medlemsland i Folkeforbundet og statusen deira.

Føremål endre

Tanken bak Folkeforbundet var å fremja militær avspenning og nedrusting. Fleire krigar skulle ein kunna unngå ved å ordna opp i usemje mellom ulike land. Målsetjinga var i alle høve å unngå ein ny verdskrig, av typen som nett hadde vore. Forbundet lukkast ikkje i å hindra andre verdskrig, men klarde å handtera nokre mindre konfliktar på 1920-talet. Folkeforbundet heldt sitt første møte den 10. januar 1920 og ratifiserte samtidig Versailles-traktaten. Slik var det ein offisiell slutt på første verdskrig. Den første generalforsamlinga vart skipa til i Genève den 15. november 1920. Forbundet oppløyste seg sjølv formelt den 18. april 1946. Arbeidet til Folkeforbundet vart ført vidare av dei sameinte nasjonane. Planen om å skipa eit folkeforbund var ein del av fleire framlegg frå presidenten i USA, Woodrow Wilson. Trass i dette gjekk ikkje USA med i Folkeforbundet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Folkeforbundet
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.