Folldal Gruver er eit bergverksmuseum som ligg i Folldal kommune i Innlandet. Det starta drift i 1748 og vart lagt ned i 1993. Det er i dag eit aktivt museum drive av Stiftelsen Folldal Gruver. I museet er det utstilling av aktiviteten frå tidlegare gruvedrift og informasjon om nasjonalparkane i området.[1]

Hovudgruva på verket
Foto: Tommy Gildseth

Området har kring 70 bygningar, gruvegangar og slagghaugar. Her er også merkte stigar, nasjonalparksenter, kafé og tilbod om overnatting.[2]

Kjelder endre

  1. «Folldal gruver - Rondane». nasjonaleturistveger.no. Henta 4. september 2013. 
  2. «Velkommen til Folldal gruver». folldalgruver.no. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Folldal Gruver