Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet (BFD) er eit norsk departement som arbeider med spørsmål som gjeld oppveksten til barn og unge og levekår, familiar, kyrkjesaker, religion og livssyn, og forbrukarpolitikk.
Barne- og familiedepartementet | |||
| |||
| |||
Offisielt namn | Barne- og familiedepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 22. desember 1989[1] | ||
Org.nummer | 972417793 | ||
Statsråd | Kjell Ingolf Ropstad (KrF) | ||
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo | ||
Undergrupper | Regjeringa i Noreg | ||
Tilsette | 186 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | bfd.regjeringen.no |
Barne- og familiedepartementet blei oppretta i 1956 som Familie- og forbrukardepartementet, og har hatt ei rekkje namn gjennom tidene. Dagens namn blei teke i bruk i 1991 og på nytt i 2019 då Kjell Ingolf Ropstad blei barne- og familieminister, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Samstundes blei ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynsspørsmål flytte fra Kulturdepartementet til Barne- og familiedepartementet.
Historie
endreBarne- og familiedepartementet blei etablert 21. desember 1956 under namnet Familie- og forbrukardepartementet. I 1972 blei departementet slått saman med Lønns- og prisdepartementet til Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, og overtok saksfelt frå enkelte andre departement.
1. januar 1990 blei Familie- og forbrukardepartementet oppretta att som eige departement og fekk overført saksområde frå Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet.
Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver gjennom tidene:
- Familie- og forbrukardepartementet (1956–1972 og 1990)
- Barne- og familiedepartementet (1991–2005)
- Barne- og likestillingsdepartementet (2006–2009)
- Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2010–2016)
- Barne- og likestillingsdepartementet (2016–2019)
- Barne- og familiedepartementet (2019–)
I 2019 fekk departementet overført ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynspørsmål, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Gjennom å ha fått ansvaret for kyrkjesaker er departementet frå 2019 ein av to etterfølgjarar (saman med Kunnskapsdepartementet) etter Kyrkje- og undervisningsdepartementet, oppretta i 1814 som Noregs eldste department.
Organisasjon
endreAvdelingar
endreDepartementet har fire avdelingar:
- Barne- og ungdomsavdeling
- Samlivs- og likestillingsavdeling
- Forbrukaravdeling
- Plan- og administrasjonsavdeling
Underliggande etatar
endre- Barneombodet
- Barne-, ungdoms- og familieetaten
- Fordelingsutvalet
- Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
- Likestillingsombodet
- Likestillingsenteret
- Forbrukarombodet
- Forbrukarrådet
- Forbrukartvistutvalet
- Statens institutt for forbruksforsking
- Marknadsrådet
- Edelmetallkontrollen
- Stiftelsen miljømerking
Politisk leiing
endreKjell Ingolf Ropstad frå Kristeleg Folkeparti er barne- og familieminister for regjeringa Solberg sidan 22. januar 2019.
Før dette var hadde den same regjeringa Linda Hofstad Helleland frå Høgre som barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2018–2019, og Solveig Horne frå Framstegspartiet som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2013–2018.