Forbundet Mot Rusgift

Forbundet Mot Rusgift (FMR) er ein friviljug ruspolitisk organisasjon retta mot studentar og fagfolk ved universitet og høgskolar. Organisasjonen vart stifta som Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund i 1904, og skifta namn til Forbundet Mot Rusgift i 1973.

FMR arbeider gjennom enkeltmedlemmar, lokallag og sympatisørar, og har engasjert seg i førebyggande arbeid på rusfeltet. Fleire prosjekt har vore innretta mot å endre russefeiringa, og å redusere alkoholinntak blant studentar. I periodar har organisasjonen engasjert seg i behandlingsspørsmål og internasjonal ruspolitikk. Organisasjonens talerøyr er tidsskriftet Mot Rusgift.

Organisasjonen er medlemsorganisasjon i Actis - rusfeltets samarbeidsorgan (selverklært), EURAD – Europe Against Drugs, Stiftelsen Helse og Rehabilitering, Populus – Studieforbundet Folkeopplysning, Alkokutt, Aksjonsuka mot narkotika, og ei rekkje andre samarbeidsorgan – og organisasjonar.

FMR skil seg frå dei fleste andre ruspolitiske organisasjonane i Noreg ved ikkje å ha ei kristen, men heller ei sosial og politisk grunngjeving for standpunktet sitt. Forbundsleiar i FMR gjennom dei siste 15 åra er Knut T. Reinås (2016).

Bakgrunnsstoff

endre