Student er ein person som tek utdanning, særleg på høgskule- eller universitetsnivå. Ofte er det somme særlege føremoner av både nasjonal og internasjonal karakter knytt til det å vere registrert som student ved ein lærestad, som til dømes reduksjon i billettprisen på kollektivtransport, gunstige lån og rett til stipend for å finansiere studiane, rett til særlege studentbustader, rett til helseteneste ved studiestaden og anna.

Studentar på Tekniska högskolan i Helsingfors.
Studentrevy i Oslo i 1909.
Studentar i festhabitt, 1811, Berlin og Frankfurt an der Oder.

Det finst ikkje nokon internasjonal status eller definisjon på «student». Kvar stat eller land fastsett sjølv kva som vert kravd i dei ulike samanhengane, og nemninga «student» er til dømes ikkje rettsleg verna i Noreg. Men nokre organ av internasjonal karakter har definert nokre felles karakteristikkar, og ein ikkje-kommersiell organisasjon for reiselivet, ISIC Association under UNESCO, står attom eit internasjonalt student-indentiteskort, ISIC, international student identity card eller carte d'identité étudiante internationale.

Studenttradisjonar endre

For studentar ved universiteta har det frå gamalt av vore knytt tradisjonar og førestillingar om eit serleg studentliv i fridom og fest, og både klede, luer og anna har markert studentane som ei særskild gruppe i fleire høve. Mykje av dette høyrer no soga til, og i Noreg er det vel mest russefeiringa som kan minne om den særstoda studentane inntok i samfunnet i gamle dagar. I tidlegare tider var examen artium, altså det som no kan samanliknast med avgangseksamen frå vidaregåande skule, ein såkalla studenteksamen som førebudde for eit universitetsstudium.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre