Foreland Point
Foreland Point er eit nes i Devon nær Lynmouth og det nordlegaste punktet langs kysten av Devon og Exmoor. Den høgaste klippa er 89 meter over flo sjø, men det høgaste punktet på neset ligg nær Countisbury med 302 meter over havet.
Foreland Point | |||
nes | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Foreland Point 51°14′00″N 3°47′00″W / 51.2333°N 3.78333°W |
Det står eit fyr på neset frå 1900, automatisert i 1994. Lyset står 67 meter over havet og blinkar fire gonger kvart 15. sekund.
Neset er eigd av National Trust.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Foreland Point» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.