Formfaktor
Formfaktor er ei nemning som blir brukt i fleire tydingar i fysikken.
I elektrisitetslæra er formfaktoren for ein vekselstraum eller ein vekselspenning tilhøvet mellom effektivverdien av straumen eller spenninga og middelverdien over ein halv periode. Ved sinusforma straum er formfaktoren 1,11.
I atom- og kjernefysikk er formfaktoren ei nemning på ein funksjon som angjev korleis den elektriske ladningen (elektrisk formfaktor) og det magnetiske moment (magnetisk formfaktor) er fordelt inne i atomet eller kjernen. I ein kjernereaktor angjev formfaktoren tilhøvet mellom den maksimale og den midlarane effekttettleiken i reaktoren.
I mekanisk teknologi i samband med pakningar, opplagringselement og liknande er formfaktoren tilhøvet mellom arealet av den belasta flata og den eller dei ikkje-belasta flatene (sideflatene). Formfaktoren er avgjerande for kor mykje pakninga (t.d. av gummi) vil bule ut på sidene ved belastning og dermed for den tilsynelatande stivleiken deira.
Kjelder
endre- Formfaktor. (2011, 6. oktober). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/formfaktor.